-
Bingo
Ny aktivitet! Me vil starta med Bingo som passa for alle. Oppstart onsdag 4.november på Røde kors huset klokka.11. Neste er 25.november. Eitt bingoark kostar 50 kr. Det vert gratis kaffi og kaffimat.
Oppstart Linedance med Solbjørg Økland
Me er så heldige å ha fått med oss Solbjørg Økland til å halda Linedance kurs no i haust. Oppstart på Røde kors huset måndag 5. oktober klokka.18.00. Det vert dansing anna kvar måndag. Håpa å sjå mange damer og menn som vil vera med, dette blir kjekt! Set av desse dagane: Måndag: 5. oktober Måndag: 19. oktober Måndag :2.november Måndag :16.november Måndag :30.novemberAldersgruppe: For alle
Del på:
-
BUA
-
Frivilligbørs 18. november 2026
Frivilligbørs er ein møteplass der næringsliv, frivillige organisasjonar og offentlege tenesteprodusentar kan møtast for å inngå sosiale partnarskap og kontraktar om samarbeid. Det er ikkje kjøp og sal av tenester på ein frivilligbørs, men deltakarane deler på ressursar.
-
Gla'Klubben
-
Grasrotandel
Bømlo Frivilligsentral blir så takknemleg om du støttar oss gjennom din grasrotandel på Norsk tipping.