Bingo Ny aktivitet! Me vil starta med Bingo som passa for alle. Oppstart onsdag 4.november på Røde kors huset klokka.11. Neste er 25.november. Eitt bingoark kostar 50 kr. Det vert gratis kaffi og kaffimat.
Frivilligbørs 18. november 2026 Frivilligbørs er ein møteplass der næringsliv, frivillige organisasjonar og offentlege tenesteprodusentar kan møtast for å inngå sosiale partnarskap og kontraktar om samarbeid. Det er ikkje kjøp og sal av tenester på ein frivilligbørs, men deltakarane deler på ressursar.
Grasrotandel Bømlo Frivilligsentral blir så takknemleg om du støttar oss gjennom din grasrotandel på Norsk tipping.
JULEAKSJON 2026 Som tidligere år vil vi også i år lage til juleaksjon hvor vi gir bort matkasser til små og store familier og gaver til barna.
Me vann 150000kr frå Hjartebank på Bømlo, Sparebanken Norge, til prosjektet "Livredningsdag på sjøen". Kort samnadrag av prosjektet: Bømlo frivilligsentral ønskjer å skipa til ein praktisk og førebyggjande «Livredningsdag på sjøen» for alle som går i 9.trinn på Bømlo. Gjenoom tre eigne kursdagar på Moster, Bremnes og Langevåg skal ungdommane få livsviktig opplæring i sjøvett, livredning og lokalkunnskap i dei områda dei ferda mest. Med oss på laget vil me ha lokal kjentmann i RIb-båt, brennvesenet og Redningssentralen. Målet er å førebyggja båtulykker og skapa trygge haldningar før dei fyller 16 år og tek båtførarprøven.
Oppstart Linedance med Solbjørg Økland Me er så heldige å ha fått med oss Solbjørg Økland til å halda Linedance kurs no i haust. Oppstart på Røde kors huset måndag 5. oktober klokka.18.00. Det vert dansing anna kvar måndag. Håpa å sjå mange damer og menn som vil vera med, dette blir kjekt! Set av desse dagane: Måndag: 5. oktober Måndag: 19. oktober Måndag :2.november Måndag :16.november Måndag :30.november
Trekkspelklubben på Moster Siste måndag i kvar månad starta veka med Trekkspelklubben og "Syng med oss" i Steinsalen, Moster Amfi, klokka 10.30.
Utleige Røde Kors huset Om du har lyst til å leiga Røde Kors huset, ta kontakt: Tlf: 53421414 Email: post@bomlo.frtivilligsentral.no
Årets TV-aksjon 18.oktober 2026 Dette går pengene til i år: Seks områder i akutt krise NRC Flyktninghjelpen er Norges største humanitære organisasjon. De hjelper mennesker på flukt i noen av verdens verste kriser. Mennesker i disse områdene skal få hjelp: Gaza • DR Kongo • Sudan • Syria • Tsjad • Afghanistan